Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

 

Det går mot oppretting av landskapsvernområde i fjellområda der Nausta har sitt utspring. Med det er også elva i dette området sikra mot inngrep og øydelegging. Men berre ned til Vonavatnet.


I 2004 går det mot oppretting av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. I Statsbudsjettet for 2004 skriv Bondevik-regjeringa:

«Regjeringen planlegger flere nye nasjonalparker neste år: Varangerhalvøya, Reinheimen og Folgefonna som landskapsvernområder Naustdal/Gjengedal, Geiranger/Herdal, Åfotbreen, ytre kystsone Flekkefjord og ytre kystsone Kristiansand/Mandal, samt utvidelse av Gutulia nasjonalpark.»

Og løyvingane til å opprette verneområde er auka betydeleg. Med det går det mot avslutning av ein lang prosess. I 1986 vart det i ei offentleg utgreiing gjort framlegg om å opprette nasjonalpark i Naustdal-Gjengedalsområdet, Fjordane nasjonalpark. Det har enda opp med eit landskapsvernområde i fjellet over om lag 500 meter over havet. Med det er også vassdraga i fjellet sikra mot store tekniske inngrep som kraftubyggingar.

Ein felles planprosess mellom Fylkeskommunen og Fylkesmannen enda opp i framlegg om landskapsvernområde som er oversendt Miljøverndepartementet og som er grunnlaget for det vedtak som skal skje i Regjeringa.

I Fylkesmannen sitt framlegg heiter det: «Samla sett representerer Naustdal/Gjengedal eit naturområde med stor variasjon frå fjordar og dalar til høgfjell og brear. Dei mange dalane med elvar og fleire mindre vatn er karakteristisk for området. Her finn ein også verdfulle kulturlandskap med kulturminne og eit stort villmarksområde.»


I høyringsutkastet for Felles Verneplan og Fylkesdelplan som vart sendt ut på høyring i mars 2004 referer vi fylgjande: (FVPF NG 2000):


Området ovafor Vonavatnet, som Nausta kjem frå er ” eitt av dei få områda som er att i Sør-Norge som kan kallast for villmarksområde” (Føreordet)

”I Fylkesdelplanen (1995) Del II er Naustdal/Gjengedalsområdet utpeika som eit nasjonalt og regionalt område for utøving av friluftsliv, dvs eit område som er viktig for store brukargrupper og der det ikkje er ønskeleg med aktiviteter som reduserer høve til å utøve tradisjonelt friluftsliv” ( 2.2.3)

”Norsk Institutt for jord og skogkartlegging har gjennomført ei vurdering av landskapet i Norge ut frå ei samla vurdering av naturgjevne faktorar og kulturpåverknad….” ”Heile Naustdal-Gjengedal sett under eitt vart vurdert til klasse ”A2: Eineståande i regionen og med høy inntrykkstyrke og formrikdom”. Rapporten konkluderar med at landskapet , og særleg vassdragsnaturen, er blant det beste ein finn i landskapsregionen” (p 2.3.1)

”I samla plan for vassdrag vart både Naustdalsvassdraget og Gjengedalsvassdraget ut frå ei isolert vurdering plassert i konsekvensklasse 8 (skala frå 1-8) ved eventuell kraftutbygging , dvs maksimalt konfliktfylt i forhold til miljøverninteresser og andre brukerinteresser.” (p 2.3.1).

Eventuell utbygging av Nausta og Gjengedalsvassdraget må sikre ei berekraftig forvaltning av laksestammane i vassdraga. (p 3.4)

Ved søknad om kraftutbygging skal omsynet til laksestammane i området leggjast til grunn. Lokalisering av kraftstasjonar, vassinntak, vasstemperatur, minstevassføring og andre forhold som er viktige for å sikre ei berekraftig forvaltning av laksestamma skal utgreiast i samband med konsesjonssøknaden. (p 6.6.2, s52)

 

Attende

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|