|
Føreord: Vernegruppa for Nausta vil gjennom utgreiingar, informasjon og vurderingar skape interesse for og kunnskap om Nausta og alle verdiar som er knytt til vassdraget. Vi ynskjer å nå fram til folk flest i området kring vassdraget og til dei som skal ta avgjerder om elva si framtid.
På kort sikt er målet for arbeidet at Stortinget vedtek at Nausta skal vere ein del av Verneplanen for vassdrag, og at Nausta vert eit nasjonalt laksevassdrag. Hovudsaka er å hindre at det vert opna for ei øydeleggande kraftutbygging eller andre store tekniske inngrep i dette unike vassdraget.
Nausta er ein sentral del av eit flott natur- og kulturlandskap. Eit vern vil sikre eit landskapsbilete som mange set pris på og som er ein viktig del av opplevinga både for dei som bur langs vassdraget og dei som kjem på besøk.
I fjellområda er det foreslått å opprette Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde. Der elva renn ut i sjøen ligg Grønøyra naturreservat. Vernegruppa meiner at Nausta må takast vare på som eit heilt vassdrag. Difor må vassdraget med i Verneplanen.
Nausta har ei levedyktig og talrik laksestamme. For tida er Nausta den beste lakseelva på Vestlandet. Norge har eit særleg ansvar for å sikre villaksen. Og laksefisket er grunnlag for oppleving og næring.
Eit verna vassdrag vil gje grunnlag for vidare utvikling av busetting og næring. Det gjer seg ikkje sjølv, men med store inngrep i vassdraget og ei øydelagt laskestamme vil grunnlaget vere borte.
Naustdal i april 2004
|