Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

Vi er ei gruppe som vil markere at vi er for eit vern av Nausta og vil arbeide for at vassdraget vert med i Verneplan IV for vassdrag. Vi vil be folk om å slutte seg til dette oppropet, og gjere det dei kan for å påverke Stortinget til å gjere vedtak som sikrar heile dette unike vassdraget.


Vi vil at Stortinget skal fylgje dei klare, eintydige og samrøystes faglege råda om vern av Nausta, både i samband med handsaminga av Verneplan IV for 10 år sidan og no i samband med suppleringa av planen.

Nausta har ein nytteverdi og er eit stort gode for Naustdal. Det er viktig å sikre at det også vert slik i framtida. Eit nesten urørt vassdrag vil vere svært viktig for å utvikle reiseliv som næring i kommunen. Og dei same forholda vil vere viktige for å få folk til å busette seg her.

Ei verna Nausta vil gje økonomisk aktivitet og positive verknader for lokalsamfunnet.

Både ei kraftutbygging, andre store tekniske inngrep og forureining kan øydelegge vassdraget.

Eit verna vassdrag set ikkje stopp for alle tiltak. Det avgjerande er at ikkje kvalitetane som har gjeve grunnlag for vern vert øydelagde.

Med opprettinga av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er dei øvre delane av vassdraget sikra eit vern. Men heile vassdraget er verneverdig, særleg i forhold til villaksstammen og elva som det dominerande i landskapet.

Det er eit vern av vassdraget som kan sikre villaksen.

Eit vern vil også sikre dei allmenne friluftsinteressene i heile vassdraget.


Om arbeidet:


Målet for arbeidet er å få Nausta med i Verneplan IV for vassdrag, forvalta som nasjonalt laksevassdrag og å hindre ei kraftutbygging i vassdraget.


Arbeidet går ut på å få fram argumenta for vern til folk flest i nærområdet og til dei sentrale styresmaktene som skal avgjere saka.


Nausta er eit unikt vassdrag!


Vi inviterer med dette alle som er einige i dette til å skrive under og verte med i arbeidet. Alle som skriv under vil verte kalla inn til alle møte og kan vere med å påverke i det vidare arbeidet.


Naustdal, den 11. januar 2004




Reinhart Veien                                     Ellinor Friis                             Frank Rune Ås



Åsmund Berthelsen                                Kjell Klopstad                         Signe E. Mehl


 

 

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|