No er det avgjort!
Fredag den 18. februar gjorde Stortinget endeleg vedtak om vern av Nausta. Vassdraget er eit av omlag 50 nye vassdrag som kom med i den nye verneplanen. Til slutt var det berre Framstegspartiet og Senterpartiet som var mot eit vern av Nausta. Tysdag den 15. februar la energi- og miljøkomiteen fram si innstilling der også Arbeiderpartiet til slutt landa ned på vern av Nausta. Vi tek med det som står i innstillinga om Nausta:
"Nausta
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til at Naustdal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesmannen i Sogn og Fjordane er imot vern av Nausta. Det fremheves at vassdraget utgjør en svært viktig naturressurs for Naustdal kommune, og kan ha betydning for bosetting og utvikling av kommunen.
Flertallet har med interesse merket seg det pågående "Flerbruksprosjektet for Nausta", som representerer en interessant kombinasjon av bruk og vern av vassdraget. Flerbruksplanen er spesiell i og med at dette er en omvendt planprosess, der miljøverdiene skal komme først. Flertallet er også kjent med tiltaket, "Nausta - ei framtid for villaksen", som er et forskningsprosjekt for å utvikle laksestammen i Nausta.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, har ingen ytterligere merknader, og støtter forslaget i proposisjonen.
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil understreke at om Nausta blir tatt ut av verneplanen, må det videre arbeidet med flerbruksplanen skje i et nært samarbeid med departementet.
Dette medlem viser til at Naustdalsvassdraget utgjør 3/4 av arealet i Naustdal kommune. Kommunen påpeker at vassdraget med nedbørsfelt er kommunens viktigste naturressurs, og at god bruk av naturressursene med solid miljøforankring er svært viktig for å sikre bosetting og videre næringsutvikling. Dette medlem støtter den lokale målsettinga om flerbruk, der fornuftig bruk skal kombineres med vern, og mener at det er viktig å kunne videreføre kommunens flerbruksprosjekt. Prosjektet inneholder blant annet klare mål for natur og miljø og hvordan en kan ta vare på verneverdiene i vassdraget. De øvre delene av vassdraget, og en stor del av kommunens areal, er dessuten omfatta av det nylig opprettede Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.
Naustdal og Gloppen kommuner, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NVE har gått imot vern. Dette medlem ønsker at Naustdalsvassdraget skal unntas fra verneplanen, men ønsker heller ikke ei stor magasinutbygging i vassdraget.
Dette medlem foreslår:
"Nausta tas ikke inn i Verneplan for vassdrag.""
Nausta vert verna!
NRK Sogn og Fjordane melde fredag (11.2.) morgo at alt tyder på at Nausta vert verna. Regjeringspartia har gjort avtale med SV, og det sikrar fleirtal for vern av vassdraget. Det har pågått tautrekking i Stortinget heilt til det siste, men vernemotstandarane i regjeringpartia nådde ikkje fram, og heller ikkje Arbeiderpartiet fekk gjennomslag for ei avtale med regjeringspartia om å ta Nausta ut. Vernegruppa er sjølvsagt glad for dette, men vi er ikkje heilt sikre før Stortinget har gjort sitt vedtak fredag om ei veke (18.2.) Tysdag den 15.2 kjem energi- og miljøkomiteen med innstilling. Og der er det altså etter det som no vert sagt, fleirtal for å ta Nausta inn i verneplanen. Oppslaget i NRK finn du her: Nausta vert verna!
Slakt av Nausta-rapport
Norsk Institutt for naturforsking (NINA) har på oppdrag av Sogn og Fjordane Jeger- og fiskeforening vurdert Sweco Grøner sin rapport "Vassdragsutvikling i Nausta" som kom i november 2004. Rapporten er utarbeidd etter tinging av Fleirbruksuvalet, og det er den utvalet skal bruke i sitt vidare arbeid for å vurdere tiltak i vassdraget. Det er mellom anna med grunnlag i denne rapporten at Fleirbruksutvalet har bede Stortinget om å få utsett avgjerda om Nausta i verneplanen.
Konklusjonen i NINA si vurdering er tindrande klar: Rapporten frå Sweco Grøner held ikkje faglege mål. Rapporten inneheld direkte feil og påstandar er ikkje dokumenterte. NINA gjer det klart at dei ikkje tek standpunkt for eller mot vern av Nausta.
Hovudkonklusjonane og heile vurderinga kan du finne på nettsidene Norges Jeger- og fiskerforbund - Sogn og Fjordane.
Etter at vurderinga frå NINA vart kjent fredag den 28. januar tyder reaksjonane frå leiaren i Fleirbrukstvalet, ordførar Jan Herstad og konsulenten til Sweco Grøner på at dei omgår kritikken frå NINA med å hevde at det er ledd i eit politisk spel.
- Ikkje dekning for påstandane i Nausta-rapport
-Hovudtesen frå Fleirbruksutvalet er at kraftutbygging alt i alt vil gjere tilhøva for laksen betre enn dei er. Men konsulentrapporten har ikkje presentert noko som kan gje dekning for ein slik påstand, ein påstand som er i strid med nesten all røynsle etter hundre års kraftutbygging. Dette skriv leiaren i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim i eit notat om rapporten som vart lagt fram i byrjinga av desember.
Solheim skriv at det er solid dekning for at kraftutbygging er hovudårsaka til at mange laksestammar er borte eller sterkt reduserte. Fleirbruksutvalet vil inn å regulere den finstemte balansen som er livsgrunnlaget for laksen.
-Praktisk røynsle tilseier at dette inneber stor risiko for å mislukkast, og moderne økologi forklarer kvifor det er slik, skriv Solheim.
Han viser til at Sogn og Fjordane Energi har uttalt at dei kan bygge kraftverk som sikrar laksen. Denne kunnskapen, konstaterer Solheim at det er ingen andre som veit om.
Med dei tiltaka Fleirbruksutvalet vil ha for å auke laksemengda i Nausta vil den lakseførande delen av Nausta verte ei kunstig oppdrettselv. - Og den øvre delen nedanfor Vonavatnet ei heilt vanleg, utbyggingsskada elv med lite vatn heile året, skriv Solheim.
Direktoratet vil ha Nausta som nasjonalt laksevassdrag
Direktoratet for naturforvaltning held fast på tilrådinga om å gjere Nausta til eit nasjonalt laksevassdrag og Førdefjorden til nasjonal laksefjord. Tilrådinga går no frå Miljøverndepartementet som skal kome med sitt framlegg til Stortinget. Meir om dette finn du på nettstidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordan.