| |
| |
 |
NAUSTA OG LAKSEN
26.10.04
1)Nausta si vernestatus
· NOU 1999:9 gjer framlegg om Nausta som nasjonalt laksevassdrag og
· Styringsgruppa for Supplering av Verneplan for vassdrag (2002) gjer framlegg om vern av Nausta.
· NVE si innstilling ( jan-03) om Supplering av Verneplan for vassdrag til Olje- og energidept. tilrår at Nausta ikkje vert teken med i Verneplanen for vassdrag.
· Regjeringa foreslår at Nausta vert teken med i verneplanen for vassdrag (juni 04)
2)Nausta sin posisjon som lakselv:
- Nausta var 1969-1998 den 24. beste lakselva i Norge , 2994 kg/år (NOU 1999:9).
- Ny laksetrapp i Hovefossen i 1974 auka lakseførande strekning frå 4 til 12 km.
RB 2002 s. 6: På den nye strekninga er det fine gyte- og oppvekstområde og smoltproduserande areal er no meir enn 3 gonger større enn det opprinnelege. Nok ei trapp kan auke strekning til 15 km og ungfiskproduksjonen med minst 20% (NINA 2003, s. 17).
- Nausta har siste 10 åra har vore den klart beste lakselva i fylket og gjennomsnittleg fangst 1999-2003 var 4.467 kg med topp på 7.290 kg i 2000 (Fylkesmannen) .
- Nausta har ikkje berre smålaks. Statistikken frå 2003 viste også at Nausta hadde dei klart største fangstane av mellomlaks (3-7 kg) i fylket (Fylkesmannen).
- Nausta har for tida den mest talrike laksebestanden på Vestlandet nord for Jæren
( RB 2002 s. 1)
3)God forsking og mange tidsseriar i Nausta (Kjelde: NEL , RB 2002 og NINA 2003):
- Vassføring (dagleg frå 1963, no kontinuerleg, v/NVE) - Temperatur (kontinuerleg frå 1997, v/NVE) - Vasskjemi og botndyr (årleg frå 1981, Ref. RB 2002) - Vurdering av yngel og yngeltettleik (årleg frå 1980, v/RB og NINA) - Fangststatistikk (frå 1967, Fylkesmannen) - Fisketeljar i laksetrappa i Hovefossen tel og videofilmar all oppvandrande fisk. Analyse av kvar laks på filmen i etterkant (frå 1998, v/NINA) - Skjellprøveanalyser (årleg frå 1996, også i 1989 og 1990, v/NINA) - Gytefiskteljing (frå 2000, v/RB) - Gyteplassregistrering (i 2003, v/RB) - Habitatkartlegging (i 2003, v/NINA)
4)Nausta, ei sunn elv, ikkje ei problemelv !
- Oppdrettslaks i Nausta er godt kartlagt : skjellprøveanalyser frå fritidsfisket i sesongen (frå 1996) og videoanalyse av all oppvandra fisk i Hovefossen (frå 1998).
RB 2002 s. 10: Dei siste 10 åra har det vore eit høgt innslag av rømd oppdrettslaks i elvane på Vestlandet. I Nausta er det uvanleg lite oppdrettslaks, med høvesvis 0%, 2%, 7%, 2% og 1%, i åra 1996 2000, gjennomsnitt 2,4% under sportsfisket . RB 2002 s 4: På grunn av det høge antalet villaks i Nausta utgjer rømd oppdrettslaks ein låg andel av fangsten i fiske-sesongen, og dette trugsmålet er lite i Nausta samanlikna med mange andre elver i regionen.
- NINA 2003 s. 2: status i laksebestanden er god (nest høyeste kategori i det nasjonale kategorisystemet), Nausta er en av få elver i Sør Noreg med få trusselfaktorer (bestanden er ikkje rammet av G. Salaris eller av forsuring, elva er uregulert og lakselus er trolig et mye mindre problem enn for andre vestlandsvassdrag)
- Fangststatistikken viser at fangsten av laks i Nausta er mindre redusert utover 1990-talet enn dei fleste av laksebestandane på Vestlandet(RB 2002, s 10).
- Driftsplan for Nausta (biologisk delplan, delplan for næring og rekreasjon og økonomidel) blei vedtatt av årsmøtet i Naustdal Elveigarlag 2002 (NEL)
- RB 2002 s 4: Det er tilstrekkeleg gyting til å sikre full produksjon av laks- og sjøaureungar i den anadrome delen av elva . Forskarane si vurdering om at elva er sjølvrekrutterande er såleis årsaka til at det ikkje er kultivert siste åra (NEL).
Det er likevel arbeid i gang for å få til ungfiskproduksjon over lakseførande del (NEL) - man kan få en produksjonsøkning på minst 20% om dette området fullrekrutteres av laksunger (NINA 2003, s. 17)
- Nausta er ein pilot i langsiktig og nasjonalt forskingsprosjekt på lakseforvaltning.
NINA er utførande konsulent i eit pilotprosjekt kalt Naustaprosjektet : Prosjektets visjon er å utvikle en modell for moderne lakseforvaltning, samt å utvikle en modell for hvordan arbeidet kan organiseres og finansieres som kan bli en mal for andre vassdrag.
NINA 2003: Nausta er en ideell lokalitet for et slikt pilotprosjekt: Både tidsperspektivet i Nausta-prosjektet (10 år) og at Nausta ikkje er en problemelv gjør prosjektet spesielt nyttig. Forkortingar/referansar: NINA = Norsk institutt for Naturforsking NINA 2003 = NINA, Naustaprosjektet Rapport 1, nov. 2003 RB = Rådgivande Biologer AS RB 2002= Rådgivande Biologer AS , Rapport: Biologisk delplan for Nausta, 30. januar 2002 VGN = Veregruppa for Nausta, DN = Direktoratet for Naturforvaltning NEL = Naustdal Elveigarlag (tala etter à årstal for rapport) NOU 1999:9 = Norsk offentleg utredning 1999 nr. 9 : Villaksutvalget sin innstilling: Til laks åt alle kan ingen gjera
|
 |
 |
|
|
|
|
|