Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

26.10.04                     

LOKALE VERDIAR (turistøkonomi og sosial kapital):

1)NOU 1999:9 gjer framlegg om Nausta som nasjonalt laksevassdrag.
Vassdragsregulering er største enkeltårsak til reduksjon og tap av laksestammane i laksevassdraga (BFL 2002 v/DFN * ). Vi meiner derfor eit vern gir beste trygda for at naturverdiane kring elva kan nyttast i langsiktig, verdiskapande satsing på turistverksemd i framtida. Vi har vurdert desse verdiane ved eit vern som i Nasjonale Laksevassdrag..

2)1999-2003 har det gjennomsnittleg vore fiska 4.467 kg laks i Nausta. Toppåret var 2000 med 7.290 kg  (Fylkesmannen). Laksestammen er sunn, sterk og sjølvrekrutterande (Faktaark 1 ) og gir eit godt grunnlag for turistnæring.
Lakseførande strekning kan aukast 25%, til 15 km med ny laksetrapp i Kallandsfossen.

3)Med varig vern og godt stell bør elva normalt gi 6.000 kg laks å hauste kvart år. Vi ventar utleigeaktivitet på ca. 5.000 stong/døgn i 2004, som bør kunne auke til 6.000. Om vi legg til grunn same kg-fangst pr. stongdøgn i Nausta som gjennomsnitt for andre Nasjonale Laksevassdrag, kan potensialet vere over 8.000 stongdøgn.

4)Status som Nasjonalt Laksevassdrag verkar positiv på fisketuristane. Direkte verdiskapinga på fiskerettsbruka og i næringar kring Nausta frå sal av fiskerettar, overnatting, servering og anna tilhøyrande verksemd kan verte 6 mill. kroner.

5)Inntekta frå fisketurisme kan gi grunnlag for total lønsemd og drift også i anna verksemd på fiskerettsbruka. Denne verdien kan framover bli like stor som den direkte inntekta frå sal av fiskerett, 2,8 mill. Samla direkte verdiskaping vert da på  8,5 mill. kroner.

6)Aktivitet kring laksen vil gi auka økonomisk aktivitet andre stader lokalt. Det skjer når dei som få inntektene frå fisketuristane nyttar desse til å kjøpe t.d. elektrikar-/rørleggararbeid. Vi reknar 25% sysselsettingsauke herifrå. Det gir samla verdiskaping på 10,5 mill.  Så kjem rekreasjonsverdien av sjøfiske som kan verte kring  0,5 mill. , i alt 11 mill. kroner.

7)Verdiskapinga kring laksen , styrkar grunnlag for busetting direkte. Det gir  kommunen inntektsskatt også frå inntekter som busettarane skaffar seg annan stads frå.

8)Nivået på inntekta frå laksen i verksemdene langs elva  aukar når ein utviklar økonomisk skaparevna framover. Inntektene har ikkje noko eigentleg tak. Dei er uavhengig av politiske avgjerder om utrekningsmetodar og nivå på krafterstatningar, sentralisering blant kraftprodusentane eller omorganisering av kommunar og fylkeskommunar.

9)Når 50-100 fiskerettsbruk, kvar ei lita bedrift, arbeider med sal og service kring fiskerettane,  skapar det ringverknader, forretningsmessig kompetanse og sosiale nettverk som er verdifullt også ved etablering av anna næringsverksemd, ein form for sosial kapital.

Forkortingar: *) BFL 2002 v/DFN: Rapport: Bestandsstatus for laks i Norge 2002, v/Direktoratet for naturforvaltning


SAMFUNNSMESSIGE VERDIAR:

10)NOU 1999:9 ”Villaksutvalgets Innstilling” gjer framlegg om Nausta som nasjonalt laksevassdrag.

Nausta
er i same dokument rangert som den 24. beste lakselva i Norge i perioden 1969-1998 med medelsfangst på ca. 3.000 kg i året. Laksetrapp i Hovefossen kom i 1974. Fangstane i perioden 1999-2003 var auka nær  50% til 4.467 kg. Laksestammen er talrik og i god stand (Faktaark 1)  slik NOU 199:9 legg vekt på.

Vi kan derfor av mange grunner si at laksestammen i
Nausta
sin verdi i dag ligg i øvre halvdel blant dei 50 elvane som var foreslegne som Nasjonale Laksevassdrag.


11)I kjølevatnet av NOU 1999:9 er det laga to viktige oppfølgingsrapportar på oppdrag for Direktoratet for Naturforvaltning. Desse har vurdert den samfunnsøkonomiske nytteverdien av verneplanen for villaks  i Nasjonale Laksevassdrag.

Den siste rapporten blei lagt fram 17. juni 2001 av Ståle Navrud ved Oslo Energikonsult  og seier sjølv:

” I denne studien vil vi derfor søke å bruke alle tilgjengelege norske studier av økonomisk verdsetting av ferskvannsfiskressurser og all eksisterende kunnskap om verdsettingsmetoder og ”benfit transfer” (BT) metoder for å berekne samfunnsmessig nytteverdi av NLV.”


12)Naverud konkluderer med at den  samfunnsmessig årleg nytteverdien  av vernet av alle elvane i Nasjonale Laksevassdrag er:
 1 milliard. kroner.

Og at nåverdien av denne nytten er
 20  milliardar kroner.


13)Sidan Naustalaksen sin verdi ligg over gjennomsnittet av elvane i Nasjonale Laksevassdrag, kan vi rekne ut  Nausta sin del av nåverdien av den samfunnsmessige nytteverdien til minst 1/50 av den totale verdien ovafor, det vil seie :

Naustalaksen er verdt:      400 millionar kroner


Naustalaksen sin del av den årlege nytteverdien blir :

20 millionar kroner pr. år eller
55 tusen kroner pr dag døgnet rundt heile året!


14)Det norske samfunnet ser derfor ut til å legge meir vekt på verdiane kring eit vern av villaksen enn ei ny kraftutbygging i potensielle nasjonale laksevassdrag som Nausta.

 

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|