Kva hjelper det å ha ein flott bunad, om du manglar sølja eller den eine knestrømpa?
Det som held på å skje med Nausta og Gjengedalsvassdraget i Sogn og Fjordane kan samanliknast med bunaden som manglar ein heilt vital del.
Av Åsmund Berthelsen
I 2004 kjem Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde til å bli oppretta. Fjellområda der dei to vassdraga har sine kjelder er med det sikra eit vern mot store tekniske inngrep, samstundes som den tradisjonelle bruken kan halde fram. Men for dei delane av vassdraga som ligg under 500 meter over havet vert framtida meir uviss. Vert det kraftutbygging der vil dei to svært verneverdige vassdraga mangle ein heilt sentral del. Fylgjer regjeringa og Stortinget innstillinga frå Norges vassdrags- og energidirektorat si innstilling, skal korkje Nausta eller Gjengedalsvassdraget inn i Verneplanen. Med det kan det vere opna for utbygging nedanfor dei to største vatna, Vonavatnet på Naustdalsida og Storevatnet på Gjengedalsida.
I mange offentlege utgreiingar og innstillingar er verneverdiane i dei to vassdraga understreka. Ja, dei var så store at det i si tid vart foreslått å opprette nasjonalpark i fjellområdet som ligg i kommunane Naustdal, Gloppen, Jølster og Førde. Delar av området er mest å rekne som villmark. Her er store myr- og deltaområde med viktige dyre- og planteartar, og her er stor variasjon i landskapsformer.
For ti år sidan vart dei to vassdraga ofra då Strynevassdraget og Gaularvassdraget i Sogn og Fjordane vart verna. Kraftpolitikarane ville ha noko att for å gje frå seg dei to vassdraga. Fleire meinte at verneverdiane i Nausta og Gjengedalen var så store og argumenta så tunge, at ein ville kunne vinne omkampen når den kom. Omkampen skjer dei næraste månadene.
Dei to vassdraga har stått på lista over aktuelle, store vasskraftprosjekt dei siste 20-30 åra. Like lenge har kampen for eit vern vart. Skjebnen vil truleg vere avgjort innan utgangen av 2004. Tre viktige saker om Nausta og Gjengedalsvassdraget skal truleg handsamast i Stortinget i 2004/2005, supplering av verneplanen for vassdrag, Samla plan for vassdrag og saka om utpeiking av fleire nasjonale laksevassdrag. Om dei to vassdraga ikkje kjem med i verneplanen, vil det truleg ligge ein konsesjonssøknad på bordet rimeleg raskt. Tidlegare var det mest aktuelt å bygge ut Gjengedalsvassdraget.I 1988 vart det utarbeidd konsesjonssøknad. No har Sogn og Fjordane Energi vendt augo sine mot Nausta. Der er motstanden mindre, grunneigarane har ikkje fått oppgjort for fallrettane som på Gjengedalssida, og det er turleg lettare å få til ei lønsam utbygging utanfor landskapsvernområde på denne sida av fjellet slik grensene for landskapsvernområdet er foreslått.
Fjellområda som no vert landskapsvernområde er eit mykje nytta turområde. Ein fin vinterdag i februar/mars med godt skiføre kan du nå over ein ganske stor del. På sommartid må du rekne ei langhelg for å få med deg dei mest sentrale delane. Hovuddelen ligg i kommunane Naustdal og Gloppen, men både Førde og Jølster har ein bit av dette unike fjellområde med store variasjonar i landskap og vegetasjon. Her er vatn og elvar, store myrar og stilleflytane elvar til store fossar. Du kjem bort i bratte lier med tett lauvskog og høgfjell mest utan vegetasjon på ganske kort tid. Delar av området har preg av villmark med små brear, stup og bart berg. I andre delar er det tydelege spor etter menneskeleg verksemd, og det er framleis mykje sau som beitar i fjella.
Med landskapsvernområdet er store verdiar sikra. Men det vert eit halvt vern når det gjeld vassdraga. Og kva med laksen? I dei nedre delane av vassdraga er det ein levedyktig laksestamme. Nausta har etterkvart vorte den mest talrike lakseelva på heile Vestlandet. Vilkåra for naustalaksen er godt kartlagt, og det skal ikkje store endringar til i temperatur og vassmengder på kritiske tidspunkt før laksestammen er truga.
Og utan laksen er sølja i bunaden borte!
Attende