Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

 

Då Gaularvassdraget og Styrnevassdraget vart verna i 1993 uttalte dåverande stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og ein ihuga tilhengar av kraftubygging, Astrid Marie Nistad at Nausta aldri kom til å bli utbygd. -Nausta har så store verneinteresser knytte til seg at vassdraget aldri blir bygd ut, sa Nistad til Firda den 24. mars 1993


Nausta har vorte vurdert i samband med Verneplanen for vassdrag i to omgangar dei 10-15 siste åra. Innstillinga ne frå dei som har vurdert Nausta er klinkande klare og nesten samrøystes: Nausta må med i verneplanen for vassdrag.


Kva er det med Nausta som gjer at det vert foreslått som eit varig verna vassdrag? Både i 1991 og i 2002 meinte fagfolk at Nausta bør vere ein del av Verneplanen for vassdrag. Då Stortinget handsama Verneplanen i 1993 vart statusen for Nausta endra. Vassdraget hadde då vore plassert som eit vassdrag det ikkje kunne søkjast konsesjon for, til eit vassdrag der det vart opna for ein konsesjonssøknad. Nausta kom ikkje med i Verneplanen trass i klare faglege tilrådingar. Fyrst på 1990-talet var det andre vassdrag i fokus, mellom anna Gaularvassdraget og Breheimen -Stryn. Dei vart ein del av Verneplan IV. No skal denne verneplanen supplerast. Både Nausta og Gjengedalsvassdraget vert foreslått teke med av styringsgruppa for suppleringa. Men Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner dei ikkje skal takast med. Det er venta at Olje- og energidepartementet legg fram tilråding i ein proposisjon i juni 2004. Etter det vert stortingsbehandling.


Store eller svært store verneverdiar


Kva har så dei faglege tilrådingane sagt om verneveridane i Nausta:


Kontaktutvalet for verneplan IV (1991): ”Utvalget med unntak av Kielland , mener at verneverdiene er store i hele nedbørsfeltet, og at Nausta er velegnet som type- og referansevassdrag. Utvalget, med unntak av Kielland, foreslår at objektet tas med i verneplanen”.


Styringsgruppa for supplering av verneplan IV (2002): ”Det er store biologiske – og landskapsmessige verdier knyttet til vassdraget. Feltet , som i øvre del inngår i et større fjellområde kvalifisert som villmark, er mye brukt i friluftssammenheng. Elva er en verdifull del av landskapet. Styringsgruppa foreslår at vassdraget tas med i verneplanen.”


Styringsgruppa går nærare inn på grunnlaget for ei slik tilråding. Oppsummert ser deira vurdering slik ut:


Geologisk mangfald – Stor verneverdi:

Biologisk mangfald – Stor verneverdi

Landskapsbilde – Stor verneverdi

Friluftsliv – Svært stor verneverdi

Kulturmiljø – Svært stor verneverdi

Landbruk – Svært stor verneverdi


Kjelde: Høyringsdokument om supplering av Verneplan for vassdrag 2002


Her er det geologiske former og avsetningar som er spesielle. Her er det plante- og dyreartar som også er spesielle, og nokre er truga av utrydding (raudlista artar). Her er det eit spesielt landskapsbilete. «Elva skaper spenning i landskapet ved at den går skiftevis i fosser, stryk og rolige partier.»

Fjellområde er mykje brukt både sommar og vinter. Her er også mykje beitedyr. Laksefisket utgjer den viktigaste aktiviteten knytta til dei nedre delane. Men det er fiske av aura og røye i mange andre delar av vassdraget.

«Området er rikt på kulturminner som blant annet viser en variert utmarksbruk gjennom et langt tidsrom. Kulturlandskap og kulturminner har store opplevelsesverdier og kunnskapsverdier i lokalt og til dels regional sammenheng. Landskap og kulturminner har nær tilknyting til vassdraget.» heiter det i høyringsdokumentet om supplering av verneplanen.

 

Attende

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|