Vern sikrar fleirbruk
Vernegruppa har sendt brev til Energi- og miljøkomtieen med kopi til partigruppene på Stortinget. I brevet tek gruppa opp fire punkt: For det fyrste hevdar gruppa at vern gjev fleirbruk. Vern hindrar i fyrste rekke magasinutbygging. Vidare går gruppa sterkt mot å utsette saka. Det kan øydelegge for positive tiltak som er på gang. Gruppa meiner også at kommunen kan stå tomhendt tilbake om det no ikkje vert vern, både utan kraftutbygging og satsing på turisme og reiseliv. Til slutt tek Vernegruppa opp att at Fleirbruksutvalet vil drive eksperiment i elva med sitt opplegg.
1. Vernegruppa for Nausta meiner at eit vern av vassdraget etter vassdragsvernlova gjev grunnlag for fleirbruk slik Fleirbruksprosjektet legg opp til. Fleirbruksutvalet kan jobbe med dei fleste av løysingsalternativa innafor eit verneregime. Det eit vern i fyrste rekke hindrar er ei magasinutbygging. Ei magasinutbygging i Nausta med dei dimensjonar som har vore omtala vil vere ei stor kraftutbygging i eit såpass lite vassdrag. Vassføring, temperaturforhold og mange andre forhold vil verte sterkt regulert i samanlikning med eit naturleg rennande vassdrag. Vernegruppa meiner at dette må vere klart i strid med det som er uttalt frå nesten alle politiske parti om at tida for dei store kraftutbyggingane er over. Vi vel å stole på at politikarane står på det dei har sagt om dette.
2. Vi skjønar at det frå Naustdal kommune og andre har kome innspel om at ein skal utsette å ta stilling til om Nausta skal inn i verneplanen til Fleirbruksutvalet er ferdig med sitt arbeid. Det vil bety at diverse planar om små kraftverk, kultiveringsarbeid og anna må stoppe opp til spørsmålet om vern eller ikkje er avklara. Vi vil sterkt frårå ei slik utsetting då mykje viktig arbeid med vidare forvaltning av vassdraget får eit kortare eller lengre avbrekk.
3. Vi har tidlegare stilt spørsmålet om kva som vil skje om Nausta ikkje vert verna. Då vil det verte ein lang prosess om ei magasinutbygging eller ikkje. Om ein skal ta det Stortinget har sagt tidlegare på alvor, vert det ikkje ei magasinutbygging. Med eit nei til vern no vil også arbeidet som er i gang med å utvikle eit framtidsretta forvaltningssystem for laksen og utvikle laksefiske som næring gjennom Nausta-prosjektet (Naustdal Elveeiegarlag) kunne stoppe opp. Fordi spørsmålet om magasinutbygging er uavklara. Difor kan det verte slik at Naustdal kommune korkje får inntekter av kraftutbygging om nokre år og at ein heller ikkje har fått utvikla anna næring med grunnlag i vassdraget.
4. Fleirbruksutvalet har ved fleire høve uttalt at det er ei ny type kraftutbygging det er snakk om og ei utbygging som vil gje meir laks. Dette er ikkje fagleg dokumentert. Fleirbruksutvalet har så langt heller ikkje lagt fram korleis ein skal finne det ut. Vi meiner å sette i gang forsøk i Nausta vil vere å ekspeimentere med den beste lakseelva på Vestlandet utan i det heile å vite konsekvensane. Og det i ei elv som også er foreslått som nasjonalt laksevassdrag.
Mange forhold er trekt fram i saka. I botn ligg dei verneverdiane som er dokumenterte for dette vassdraget. Vi håpa og trur at det er dei som må vere avgjerande. For føremålet med eit vern at ein del vassdrag i landet skal overlatast til nye generasjonar i ein mest muleg naturleg tilstand.
Fleirbruksutvalet vil ha magasinutbygging
Etterkvart har det vorte heilt klart at Fleirbruksutvalet for Nausta arbeider medvete for ei magasinutbygging i elva. Under synfaringa til Energi- og miljøkomiteen i midten av oktober vart det presentert eitt alternativ for kraftutbygging av Fleirbruksutvalet, nemleg ei magasinutbygging med Trodalen som magasin. Alternativet inneber ei sterk styring og regulering av vassføring og temperatur. Fleirbruksutvalet satsar altså på ei kraftig regulering av elva, og det byrjar å likne på oppdrett av laks, ikkje i sjøen, men i ei elv. Ei slik utbygging vil også gje sterk regulering av vassføringa mellom Vonavatnet og kraftstasjonen.
Fleirbruksutvalet har eksistert i over eitt år, men førebels er det ikkje lagt fram noko resultat av føreprosjektet. Det vert snakka om utgreiingar og forsking, men altså ikkje noko konkret om korleis det skal forskast, kor lang tid det skal ta og kven som skal betale. For eit år sidan rekna utvalet med ein arbeidsperiode for prosjektet på fire til seks månader. Så vart fristen for å legge fram konklusjonar sett til 1. september 2004. Vi skriv snart 1. november. Og under møtet med Energi- og miljøkomiteen vart det snakka om at det ville ta endå lengre tid før ein hadde noko. Likevel går ein altså ut og presenterer konkrete opplegg for ei kraftutbygging.
Fleirbruksutvalet har bakgrunn i vedtak i Naustdal kommunestyre: Naustdal kommune er positive til at det vert sett i gang eit forprosjekt som skal gje grunnlag for å vurdere positive og negative konsekvensar for laksefisket i Nausta ved ei eventuell kraftutbygging,
heiter det i vedtaket. Fleirbruksutvalet har gått aktivt ut i ein kampanje for å hindre eit vern av Nausta, både i verneplanen for vassdrag og som nasjonalt laksevassdrag. Dette arbeidet er det ikkje grunnlag for i det nemnde kommunestyrevedtaket.
Vernegruppa for Nausta
Åsmund Berthelsen
Ikkje spesielt truverdig
Når ordføraren påstår at heile Naustdal vert verna, og at alt areal vert bandlagt, tykkjer vi det er rimeleg å forlange at han grunngjev og dokumenterer påstandane. Kva bygger han synspunkta sine på? Og kva legg han i omgrepet å bandlegge? Er det han uttalar berre noko han trur, så får vi halde oss til det. Men det vert ikkje spesielt truverdige synspunkt.
Her er eit døme:
I artikkelen i Firda den 7.9.04 heiter det: Blant naturressursane som ikkje vil kunne bli utnytta, er eklogitten på Engebø med ein stipulert verdi på 80 milliardar krone og eit potensial på 200 arbeidsplassar. På heimesidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane les vi dette:
* Eklogittførekomstane og mogeleg rutilutvinning på Engebø i Naustdal vil ikkje ha noko å seie i denne samanhengen, og vil verte vurdert av anna lovverk uavhengig av status som laksefjord.
Utspelet frå ordføraren kan umogleg sjåast på som anna enn ei svartmåling av framtidsutsiktene, ei svartmåling som vernegruppa meiner det ikkje er grunnlag for. Vi har peike på at det er mogleg å gjere ein god del på næringssida, også med eit vern av Nausta. Det er noko ein kunne kome i gang med no, om kommunen tok signala frå sentrale styresmakter på alvor, og ikkje bruka alle kreftene på kjempe mot dei.
Dette med vernegruppa sine særinteresser går att innlegga mot oss. Er det einsidige, snevre særinteresser å arbeide for naturvern, for friluftslivinteressene, for biologisk mangfald, for å ta vare på villkaksen og å ta vare på elva som ein sentral del av eit flott kulturlandskap? Og er det dei medlemmene med lakserettar de meiner, må vel dei kjempe mot interessene sine når dei vil verne elva. For ingen vil øydelegge for villaksen, vert det sagt, og ei kraftutbygging vil tvert om kunne gjere forholda for laksen betre.
For dei som vil vite meir om det vi meiner og dokumentasjonen for påstandane våre, så finn de meir på heimesida vår: www.nausta.net
Vernegruppa for Nausta
v/Åsmund Berthelsen