Direktoratet for naturforvaltning foreslår Nausta som nasjonalt laksevassdrag og Førdefjorden som nasjonal laksefjord.
Om Nausta står det:
Nausta er ei typisk smålakselv og den elva i fylket der det årleg vert fiska fles laks. Vassdraget har inngått i eit nyleg avslutta landsomfattande prosjekt der samanhengar mellom fiskereguleringar, beskatning og muleghetar for fiskeutøving er studert. Vassdraget har stort produksjonspotensial og er ikkje berørt av kraftutbygging eller andre fysiske inngrep. Fjorden utanfor vassdraget er sikringssone for laksefisk.
Om Førdefjorden heite det:
Fjordområdet er utgreia av omsyn til laksebestanden i Nausta. Nausta er lite påverka av inngrep og er den elva i Sogn og Fjordane der det årleg blir fiska flest laks. Innafor området ligg også Jølstra som har eit betydeleg produksjonspotensial for både lask og sjøaure. Fjorden utanfor Nausta er sikringssone for laksefisk.
Fristen for å uttale seg om forslaga er 1. oktober 2004.05.03
I februar 2003 vedtok Stortinget å opprette 37 nasjonale laksevassdrag og 24 nasjonale laksefjordar. Difor er det som no skjer andre runde i dette arbeidet. Storting og Regjering har understreka at ordninga bør omfatte 50 laksebestandar. Det betyr at det står att å avgjerde 13 til.
Attende