Nausta er eit relativt stort Vestlandsvassdrag med eit nedbørsfelt på 277 km2. Den lakseførande strekninga er på 12,4 km.
NOU 1999:9 gjer framlegg om Nausta som nasjonalt laksevassdrag. Nausta var i 30-årsperioden 1969- 1998 rangert som den 24. beste lakselva i Norge målt etter fanga laks. Medelsfangsten var 2994 kg. pr år (NOU 1999:9, Vedl. 1). Kring 1980 vart det på det meste fanga kring 11 tonn laks. År 2000 vart det fiska 7.290 kg . Gjennomsnittet for dei fem åra 1998-2002 var 4.590 kg. Sjøaurefiske kjem i tillegg.
I 1974 vart det bygd laksetrapp i Hovefossen som tredobla den produktive og lakseførande delen frå 4 til 12 km. Laksetrapp i Kallandsfossen kan auke den lakseførande strekninga med nye 3 km. Kring 100 grunneigarar har eigedom og fiskerett langs desse strekningane i elva.
Nausta har for tida den mest talrike laksebestanden på Vestlandet nord for Jæren (RB 2002 ). Den er også for tida den klart beste lakseelva i Sogn og Fjordane (off. statistikk).
Elva er ei typisk smålakseelv, men det er tatt laks på over 22 kg dei siste åra. Rekorden på 23,6 kg er frå 1946.
Det er gjort eit godt og nært eineståande kartleggingsarbeid av elva og laksestammen gjennom registreringsprogram og forskingsarbeid over mange år. Desse resultata er allereie så interessante at dei vert nytta av t.d. Direktoratet for Naturforvaltning når dei i sine nyaste rapportar skal gjere greie for laksen sin bestandsstatus på nasjonalt plan (BFL 2002). Norsk Institutt for Naturforvaltning seier Grunnleggende biologiske data framskaffet i Naustaprosjektet vil kunne bli viktig for vår forståelse av produksjonskapasitet og bestandsdynamikk i Norske Laksebestander (NP1 03).
Attende