Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

Kraftutbygging og villaksen

Ei kraftutbygging av Nausta er eit lottospel der laksestamma har dårlege odds. Så å seie alle vassdrag der det er gjennomført ei kraftutbygging har det vore negativ utvikling for laksestammen. Små vassdrag (som Nausta) er meir sårbare enn store.(NOU:1999:9.)

Livet i elva er så finstemnt og tilpassa det opprinelege miljøet at ei kvar endring vil få konsekvensar, små endringar kan ha store konsekvensar:

Fiskens vandringsmønster vert endra.

 

Konkuranseforholdet mellom artar (laks og sjøaure) vert skipla.

 

Rogn klekker før næring til yngel er tilstades.

 

Smoltutvandring skjer på ugunstige tidspunkt grunna regulering av vårflaumen.

 

Næringstilfanget frå det regulerte området av elva vert redusert eller fell bort.

 

Problem med stopp i vassføring ved bortfall av kraftstasjon, dette fører til at yngel strandar.

 

I visse livsfasar har laksen absolutte krav til miljøet.

 

 

Mangel på kunnskap

Villaksutvalet meiner at ein ikkje har gode nok data og nok kunnskap til å konkludere med kva samla effekt vassdragsregulering har på laks. Det er berre i eit fåtal regulerte vassdrag at det er gjort langtidsutgreiingar på meir enn 10 år.

Villaksutvalet meiner det er mangel på kunnskap

om biologiske langtidsverknader av å endre vassføringa

effekten av døgnregulerignar

dei faktorane som regulerer storleiken på populasjonen i samband med fysiske inngrep

effekten av avbøtande tiltak.

 

Attende

 

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|