Nausta
Aktuelt
Fakta
Oppropet
Bilete
Gruppa
Dokument
Medlem?
e-mail me
    

Villaksen er truga

Situasjonen for villaksen er alvorleg i heile arten sitt leveområde. Nedgangen har vore betydeleg og fleire bestandar er utrydda eller truga. Forekomsten av villaks har i historisk tid ikkje vore mindre enn i dag.

 

Dette slo det såkalla Villaksutvalet fast i 1999 då dei etter to års arbeid la fram utgreiinga med tittelen ”Til laks åt alle kan ingen gjera” (Noregs Offentlige Utredningar (NOU) 1999:9). Leiaren for utvalet var Georg Fredrik Rieber Mohn, tidlegare riksadvokat og no høgsterettsdommar.

Med Villaksutvalet si utgreiing var det for første gang gjort eit arbeid statleg regi for å kartlegge villaksen sin totale situasjon, og å utarbeide strategiar og tiltak. Bakgrunnen var den dramatiske nedgangen i villaksbestandane på1990-talet, internasjonale avtalar og behovet for samordning i forvaltninga fordi laksen som art byr på tverrsektorielle utfordringar. Arbeidet er grundig og omfattande, med til dels revolusjonerande og nyvinnande framlegg til forvaltnings-strategiar og tiltak. Som art er vel laksen den einaste som har fått slik ”forkjørsrett” i offentleg planarbeid. Det viser at laksen har ein sterk posisjon i det norske samfunnet. I møtet mellom natur og samfunn tykkjest villaksen å vere det ein kan kalle eit ikon.

 

 

Årsakene til nedgang

 

Villaksutvalet meinte at dei viktigaste årsakene til nedgangen var sur nedbør, parasitten gyrodactylia salaris, vasskraftreguleringar og andre fysiske inngrep. Utvalet meinte at situasjonen for laksen var særleg alvorleg på grunn samanfall mellom gamle, menneskeskapte tap, naturlege svingingar og nye truslar som ein endå ikkje ser konsekvensane av.

 

Villaksutvalet ser nedgangen i bestandane som eit samspel mellom naturlege, sykliske svingingar og menneskeskapte tapsfaktorar der dei sistnemnde utgjer ein stadig større del. Situasjonen i dag er prega av at det er eit komplisert samvirke av naturlege og menneskeskapte faktorar som alle dreg i negativ retning. Utvalet meiner at dei påverkelege faktorane knyter seg til sur nedbør, sjukdom og inngrep i vassdrag. Tidlegare også overbeskatning.

 

Kraftutbygging er negativt

 

Når det gjeld magasinbasert kraftutbygging er det særleg endringar i vassføring og vasstemperatur gjennom åre som er negativt. Dette gjeld særleg temperatur og næringstilgang ved klekking og utvandring, kanskje også laksens lokalisering av elva ved innvandring. Grunnlagsmaterialet til tvalet peikar på at negative følgjer av utbygging er størst i små vassdrag.  Positive følgjer er unnataket og knyter seg til større vassdrag med  og stabil vintervassføring (Orkla).

Villaksutvalet har vorte kritisert for at dei ikkje var tydelege nok med omsyn til negative følgjer av kraftutbygging for laksebestandane. Likevel er det rett å seie av Villaksutvalet konkluderer med at magasinbasert utbygging i stor grad er til skade for laksen. Og utvalet har lagt inn forbod mot slik utbygging som ein premiss for forslaget om nasjonale laksevassdrag.

 

 

Forvaltning på tvers

 

Villaksutvalet konstarerer at lakseforvaltning er ei oppgåve som ikkje kan organiserast og løysast av ein enkelt sektor. Laksen vedkjem sentrale interesser i det norske samfunnet, som energiforsyning, industri, næringsutvikling og distriktspolitikk. Utvalet oppfattar det oppdelte forvaltningssystemet som eitt av hovudproblema i lakseforvaltninga. Og de kan sjå ut til at ”laksen døyr mellom sektorane.” Men etter kvart har dei fleste landa gjennomført utgreiingar  med klargjering av ansvar, betre samordning og handlingsretta tiltak. Bestandsretta, fleksibel forvaltning grunna på prognosar av bestandane si utvikling er på veg inn i fleire land.

 

 

Store verdiar

 

Villaksutvalet peikar på dei store verdiane den ville laksen representerar:

 

            ” Den ville laksen representerer store verdie for arbeidsplasser, inntekter, trivsel og       identitet i Noreg. Den mest synlige faktoren er de lokaløkonomiske ringvirkninger…           Livskraftige, ville laksestammer har også stor verdi ut over markedsprisen på fisket og          fisken. Villaksressursen er også grunnlaget for oppdrettsnæringen.”

 

Tiltak og strategiar

Villaksutvalet kom med fleire forslag til tiltak for å sikre dei ville laksestammane.

1. Nasjonale vassdrag-og fjordar.

Med bakgrunn i laksen sin utsette situasjon foreslo VU å opprette særleg verna område for villaks. Det er verdt å merke seg at utvalet var samstemte i prinsippet, men delte seg når det gjeld konkretisering av område, særleg for kva fjordar som skulle vere med.

Hovudkriteriet for at vassdrag skal bli nasjonalt laksevassdrag er :”…lakseforekomstens størrelse og produktivitet i det enkelte vassdrag. Forslaget innebærer et særlig vern av de sterke bestandene.”

2. Vassdragsforvaltning.

Utvalet slo fast at vassdragsreguleringar og andre fysiske inngrep utgjer betydelege tapsårsaker for laksen. For større inngrep er det utført  KU, og pålagde avbøtande tiltak er gjennomført. Mange av dei avbøtande tiltaka har ikkje hatt den verknaden som var forventa.

”Utvalget forutsetter at det ikke blir nye eller ytterligere reguleringer eller inngrep i de utvalgte nasjonale laksevassdragene ”.

3. Framlegg til elvar som blir nasjonale laksevassdrag:

Nausta er føreslege som nasjonalt laksevassdrag.(men ikkje Førdefjorden som laksefjord.)

I Sogn og Fjordane er i tillegg desse elvane føreslegne :Eidselva,Stryneelva,Oldenelva,Å-elva/Gjengedal,Gaula,Årøyelva,Lærdalselva,Flåmselva,Nærøydalselva og Vikja.

For heile landet: 9 fjordsystem med i alt 33 vassdrag og 17 enkeltvassdrag.Av desse er 28 verna mot kraftutbygging i Verneplan for vassdrag

Vidare foreslår Villaksutvalet:

Kunnskapsbasert forvaltning, formalisert samarbeid og styrka tilsyn, regulering av fisket, tiltak mot røming av oppdrettslaks, tiltak mot fiskesjukdomar og fiskestelltiltak er tema som blir tekne opp under dette kapittelet i den offentlege utgreiinga.

 

Forslag om Nausta som nasjonalt laksevassdrag

 

Villaksutvalet foreslo Nausta som nasjonalt laksevassdrag. Og Nausta e kan hende den elva i Sør-Noreg som oppfyller krava best til å bli det.

 

Og grunnane er:

 

1. Livskraftig bestand.

 

a. Oppvandrande gytefisk i tellaren ved Hovefossen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

b. Rangert som nr 25 av landets lakseelvar, og nr 2 i fylket i fangstvolum siste 30 år.

c. .Er kanskje i dag Noregs beste smålakselv.

2. Høg naturleg reproduksjon.

a. 60-70 % av fisken gyt.

b. Stor yngeltettleik.

 

3. Vassdraget er ikkje berørt av kraftutbygging.

4. Det er ikkje påvist sjukdom på laks.

5. Få fysiske inngrep.

6. Få oppdrettsanlegg i fjordsystemet.

7.  Naturleg oppgangshinder for oppdrettsfisk, Naustdalsfossen.

8. Stort lokalt engasjement i driftsplanarbeid.Ferdig driftsplan i

9. Potensial i å gjere lakseførande strekning lenger.

 

 

 

 

 

 

 

 

År

Tal

Fangst %

 

 

 

 

 

 

 

1998

620

24

1999

2246

16

2000

3694

34

2001

1880

38

2002

1800

19

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Attende

 
 


|Nausta| |Aktuelt| |Fakta| |Oppropet| |Bilete| |Gruppa| |Dokument| |Medlem?|