Elva har ingen verdi slik ho renn no. Bygg ut og skaff kommunen inntekter. Det er påstandar ein møter i debatten om vern av Nausta. Vernegruppa har sett på kva lokal verdiskaping laksefisket har. Utrekningane bygger å på innsamla data og vurdringar av kva ein kan vente seg gjennom betre tilrettelegging og forvaltning. Vi har kome til at den årlege verdiskapinga direkte og indirekte av laksefisket kan verte på heile 11 millionar kroner. Det er ei rimeleg stor verksemd i naustdalsmålestokk.
Venta 5-10 års potensiale
|
Type verdiskaping |
Mill. kr |
|
Utleigeverdi av laksefiske |
2, 8 |
|
Utleigeverdi bustad |
1,4 |
|
Matservering |
1,0 |
|
Anna turistilbod på garden |
0,5 |
|
Opprettheld anna drift på garden |
2,8 |
|
Samla direkte verdiskaping |
8,5 |
|
|
|
|
Verdiskaping andre stader i lokalsamfunnet -25% |
2,1 |
|
Rekreasjonsverdi sjøfiske |
0,5 |
|
|
|
|
Samla verdiskaping |
11,1 |
Vi reknar at den direkte verdiskapinga på fiskerettsbruka og i næringar kring Nausta frå sal av fiskerettar, overnatting, servering og anna tilhøyrande verksemd kan verte nær 6 mill. kroner. Som viktig attåtnæring på fiskerettsbruka, kan det oppretthalde total lønsemd og drift også i anna landbruksverksemd på desse bruka. Denne effekten kan vere stor. Vi legg til grunn at den er like stor som den direkte inntekta frå sal av fiskerett, 2,8 mill kroner. Samla direkte verdiskaping vert då i alt 8,5 mill. kroner.
Verdiskapinga kring laksen vil også føre til økonomisk verdiskaping andre stader i lokalsamfunnet, multiplikatoreffekt. Det skjer når dei som får inntektene frå fisketuristane nyttar dei til å kjøpe eigne produkt og tenester lokalt, t.d. elektrikerarbeid, rørleggerarbeid, snekkerarbeider, frisør m.m. Vi har rekna sysselsettingseffekten til 25%. av den direkte verdiskapinga Det gir ei samla vediskaping på 10,5 mill. kroner.
I tillegg kjem rekreasjonsverdien av sjøfiske som kan vere kring 0,5 mill. kroner. Med det vil verdiskapinga som er knytta til laksefisket oppe i om lag 11 millionar kroner.
Medan erstatningane til kommunen i samband med ei kraftutbygging gir høve til å gi kommunale tenester til innbyggarane, gir pengane som laksen er opphavet til , grunnlag for busetting direkte. Denne busettinga gir kommunen inntekt i form av t.d. skatt . Ikkje berre frå inntektene kring laksen, men også frå inntekter som innbyggarane på fiskerettsbruka skaffar seg annan stad frå (t.d. inntekt frå anna arbeid i Førde).
Inntekta frå laksen vil vere knytt til verksemder langs elva og det ein klarer å skape i framtida. Det er uavhengig av politiske avgjerder og utrekningsmetodar og nivå på krafterstatningar, sentralisering blant kraftprodusentane eller omorganisering av kommunar og fylkeskommunar.
Når 50-100 småbedrifter i form av fiskerettsbruk arbeider med sal og service kring fiskerettane, skapar det forretningsmessig kompetanse og sosiale nettverk som er verdifullt også ved etablering av anna næringsverksemd, ein form for sosial kapital.
Kva bygger vi utrekningane på?
Ved å nytte produksjonspotensialet betre og ved å styrke den generelle forvaltninga, bør det over vere muleg å hauste 6.000 kg frå elva i eit normalår.
I år 2000 undersøkte Naustdal Elveeigarlag fiskeaktiviteten og konkluderte med at han det året var på 3.500 stongdøgn. Seinare er fiskesesongen utvida og salsinnsatsen og salsorganiseringa er styrka. Om vi korrigerer for rein utviding av sesongen gir det 4.500 stongdøgn med same kapasitetsutnytting. I desember 2003 gjorde vi ei vurdering av fiskeaktiviteten. Nær 40 sentrale fiskerettar vart vurderte av personar med god kjennskap til rettane m.o.t. lengda på effektiv fiskesesong, aktuelt tal stenger pr. rett og kapasitetsutnytting. Konklusjonen gav vel 5.000 stongdøgn. Noko vi trur er det mest korrekte aktivitetsnivået for tida.
Med same fangst i kg pr. stongdøgn som i gjennomsnittet av Norske Lakselvar blir potensialet over 8.000 stongdøgn i Nausta . Vi legg likevel til grunn at det kan vere rimeleg å sikte seg inn på ca. 6.000 stongdøgn dei neste 5-10 åra.
Inntekt frå sal av fiskerett
Dagens inntekt 1,6 mill kr
Vi utførte i desember 2003 ei vurdering av inntekta på nær 40 sentrale fiskerettar. Kvar enkelt rett var vurderte av personar med god kjennskap til rettane, utleigeaktiviteten og prisnivå. Konklusjonane gav ein samla årleg utleigeverdi for grunneigarane i dag på vel 1,6 mill. kroner (mva. kjem i tillegg). Talet er også samanlikna med dei andre vasssdraga som er foreslått som nasjonal laksevassdrag og det som kjem fram i utgreiingar om samfunnsøkonomiske verdiar av laksefisket. Resultatet vi har kome fram til på 1,6 mill kroner er godt i samsvar med det ein normalt kan forvente av ei elv som Nausta.
Potensiell inntekt 2,8 mill kr
Fiske med tilhøyrande aktivitetar kan likevel utviklast langt vidare i Naustdal. Foredling av produktet og meir målretta marknadsføring og sal av laksefisket kan auke rekreasjonsverdien og gi nye, store løft i inntektene framover.
Potensiale for betre rekreasjonstilbod til ålmenta og auka inntekter frå sal av fiskerett har vi rekna til 2,8 mill. kroner. Grunnlaget for det er
Vern betyr langsiktig planlegging. Grunneigarar og næringar knytt til fisket får ro til å tenke langsiktig utvikling og investering.
Auka ungfiskproduksjon: Forskringsrapport konkluderer med auka produksjon av laks om ein tek i bruk området mellom Kallandsfossen og Styggelifossen som produksjonsområde for laks.Større potensiale for produksjon av lakseungar i områda nedanfor Hovefossen. Styrka generell forvaltning
Potensiale for normalfangst på 6 tonn pr. år: Gjennom god forvaltning og produksjon av ungfisk.
Auka tal stongdøgn frå 5000 til 6000: Større strekning og auka fangstvolum. Gjennomsnittet for norske lakseelvar ville gje 8100 stongdøgn.
Auka marknadsføring og produktutvikling: Større rekreasjonsverdi og inntekt. Auka ungfiskproduksjon og betre naturleg forvaltning vil gjem eir vaksen laks i elva. Eit vern vil gje ei fri elv som aukr opplevingsverdien av vassdraget. Etablerte rettar vil verte betre. Rettar vil vakne til live att. Talet rimelege rettar vil auke. Tilbodet til ålmenta vil verte betre og meir variert. Alt vil vere motiverande for å auke innsatsen for marknadsføring og produktutvikling.
Auke i prisen pr. stongdøgn eller tal stongdøgn kan aukast.
·Vi utførte i desember 2003 ei vurdering av inntektspotensialet på 5-10 år sikt for utleie av fiske på nær 40 sentrale rettar. Kvar rett var vurderte av personar med god kjennskap til rettane, fiskeaktiviteten og prisnivå. Konklusjonen var eit samla årleg potensiale for sal av fiskerettar (mva ikkje med) på nær 2,8 mill. kroner pr år
Lokale ringverknader av laksefisket
·
·Fiskarane kjøper forskjellige tenester og produkt lokalt
Fiskarane har med reisefølgje (til dømes familie) som ikkje fiskar men som nytter lokale tenester
Fisket og elva elles er ein del av ein særeigen heilskap som også trekk til seg turistar som ikkje fiskar men nyttar lokale tenester
Fisket i elva skaper ein generell sosial aktivitet , kontaktar og impulsar som er stimulerande for bumiljøet i Naustdal og som er viktig gjødsel for næringsutvikling
Dette skapar ringverknader utover rein inntekt frå utleige av fiskerett.
·
·Overnatting knytt til fiskerettane: I dag 0,6 mill kr. Potensiale 1,5 mill kr gjennom auke i standard. Tilbod til heile familien.
·Mat og servering: I dag 0,6 mill kr. Potensiale 1 mill kr gjennom utvikling av tilbod, til heile familiar og auke i tal stongdøgn.
·Anna turisme med grunnlag i fisketuritane: Potensiale: 0,5 mill kr. Utvikling av tilbod. Samordning.
·Anna verdiskaping på bruket: Potensiale 2, 8 mill kr. Hindre nedlegging av drift. Stimulans til utvikling av anna tilleggsnæring.
·Effekt for anna sysselsetting: Dei som får direkte inntekter frå laksefiske og verksemd knytta til dette vil bruke pengane for å dekke eine behov for tenester og produkt. Det skaper grunnlag for arbeidsplassar i andre næringar.