Dei femti foreslåtte norske laksevassdraga har ein samfunnsmessig årleg nytteverdi på 1 milliard kroner. Noverdien av denne nytten er 20 milliardar kroner.
Nausta-laksen sin del av den årlege nytteverdien mener Vernegruppa er på 20 millionar kroner pr. år eller 55 tusen kroner pr. dag. Noverdien er såleis på heile 400 millionar kroner.
Det norske folk ser difor ut til å legge meir vekt på verdiane kring vern av villaksen enn ei ny kraftutbygging i foreslåtte nasjonale laksvassdrag som Nausta.
Tala bygger på to rapportar som er utarbeidd på oppdrag av Direktoratet for naturforvaltning og har kome i kjølvatnet av innstillinga frå det såkalla Villaksutvalet i 1999. Utvalet foreslo å peike ut 50 vassdrag som nasjonale laksevassdrag. Nausta er eit av dei femti vassdraga.
Dei to rapportane er:
1.Økonomisk analyse av villaksressursen i nasjonale laskevassdrag. Mørkved og Krokan 19.11.2000.
2. Samfunnsøkonomisk nytteverdi av villaksressusene i nasjonale laksevassdrag. Oppfølgingsstudie. Ståle Naverud. 17.6.2001.
Informasjonen vi finn i rapportane har Vernegruppa overført til Nausta som er eit av dei femti foreslåtte nasjonale laksevassdraga. Ein femtidel av den samla verdien vil seie 400 millionar kroner i noverdi, 20 millionar pr. år eller 55.000 kroner pr. dag.
Når Vernegruppa meiner at det er rett å legge til grunn at Nausta-laksen må tilskrivfast ein femtidel av den samfunnsmessige nytteverdien bygger vi på fylgjande:
Stammen i Nausta er i god stand og har vist god evne til å overleve harde tider. Den er for tida den mest talrike på Vestlandet nord for Jæren. For tida er Nausta den beste lakseelva i Sogn og Fjordane. Nausta-stammen er ein sterk stamme som skal prioriterast i fylgje innstilling frå Villaksutvalet.
Legg ein til grunn tal fiskedøgn vil verdien for Nausta verte i underkant av 300 millionar kroner, og ein legg ein til grunn fangst i kilo vil verdien vere ganske nøyaktig 300 millionar. Skal det genetiske mangfaldet vere grunnlaget vil verdien verte lik for alle vassdraga. Altså 400 millionar kroner.
Dei samfunnsmessige nytteverdiane vert i rapportane delt i to hovudgrupper: Bruksverdi og ikkje-bruksverdi. Bruksverdien vert delt i konsumerande bruk(nærings-/fritidsfiske) og ikkje konsumerande bruk (t.d. det å kunne oppleve å sjå laksen i ein foss) i tillegg til opsjonsverdi (høve til å kunne nytte villaksen i framtida).
Ikkje-bruksverdien går på eksistensverdien, arve- og bevaringsverdien. I tillegg vert ein kvasi-opsjonsverdi tatt med: verdien av å utsette handlingar som ikkje kan gjerast om, til seinare når ein får betre informasjon.
Rapportane har ikkje teke med den verdien som ligg i det genestiske mangfaldet i villaksbestanden for oppdrettsnæringa.
Attende