I følgje Norsk Institutt for naturforsking er Nausta ideell som forskingselv:
· elva er passande stor og kompleks
· statusen for laksebestanden er god
· det er stor interesse for fiske og utnytting av lakseressursane til næring.
· Nausta er ei av få elvar i Sør-Norge der det er få ting som trugar (ikkje forsura, ikkje råka av Gyro, lakselus er truleg eit mindre problem og elva er uregulert)
· det er godt datagrunnlag for bestandane.
I 2003 oppretta Naustdal elveeigarlag stiftinga Nausta ei framtid for villaksen. Stiftinga samarbeider med Norsk institutt for naturforsking (NINA) om gjennomføringa av eit nasjonalt pilotprosjekt for moderne lakseforvaltning og næringsutvikling. Prosjektet går under namnet Naustaprosjektet.
Eit tidsperspektiv på 10 år og det at Nausta ikkje er ei problemelv gjer at Naustaprosjektet er spesielt nyttig for forskinga.
Visjonen i prosjektet er å utvikle ein modell for moderne lakseforvaltning og fisketurisme. Vidare er å utvikle ein modell for organisering og finansiering som kan bli mal for andre vassdrag. Prosjektet er det første i sitt slag der ein prøver å skaffe biologisk grunnlag for ei moderne lakseforvaltning med grunnlag i prognoser.
I dag manglar villaksforskinga eit prosjekt som fokuserer på dei problemstillingane som Naustaprosjektet tek opp. I innstillinga frå Villaksutvalet vert det sagt at den anvendte forskinga i hovudsak føregår i tilknyting til kortsiktige tiltaksprosjekt og vassdragsreguleringar. Difor dekker ikkje forskinga overordna problemstillingar i lakseforvaltninga.
Vernegruppa meiner at den nasjonale lakseforskinga gjennom Naustaprosjektet har ein unik sjanse til å skaffe fram grunnleggande biologiske data som vil kunne bli viktige for å forstå produksjonskapasitet og utviklinga i norske laksebestandar. Prosjektet har både eit lokalt og nasjonalt perspektiv og er i tråd med innstillinga frå Villaksutvalet om ei framtidig lakseforvaltning.
Prosjektet vil fungere som eit pilotprosjekt for alternativ næringsutvikling i landbruket.
Men ein klar føresetnad for at Naustaprosjektet skal kunne gjennomførast i samsvar med intensjonane og oppnå status som eit nasjonalt piloprosjekt for moderne lakseforvaltning og næringsutvikling, er at vassdraget vert varig verna. Det vil seie at Nausta vert teken inn i Verneplanen for vassdrag.
Eit pilotprosjekt
I 2003 oppretta Naustdal elveigarlag Stiftinga Nausta ei framtid for villaksen, som bl.a. skal ivareta forskingsdelen og vidareutvikle denne.
Stiftinga har inngått samarbeid med Norsk institutt for naturforskning ( NINA) om gjennomføring av eit nasjonalt pilotprosjekt for moderne lakseforvaltning og næringsutvikling.
Driftsplanen for Nausta dannar grunnlaget for dette arbeidet. Prosjektet starta våren 2003 og er planlagt å gå over ein 10 års periode. Prosjektet har som mål å :
1) kartlegge potensial for produksjon av laks og foreslå virkemiddel for å utnytte potensialet,
2) vidareutvikle lokal forvaltning av lakseressursen,
3) utvikle prognosemodell for innsig av vaksen laks slik at beskatninga vert berekraftig og sikrar maksimal produksjon i vassdraget,
4) vidareutvikle ulike alternativ og grunnlaget for næringsmessig og berekraftig utnytting av lakseressursen balansert opp mot andre interesser ( bl.a. ålmenta sin tilgang).
Naustaprosjektet er tenkt finansiert gjennom private og offentlege tilskot. |
Attende